.....kommer snart....
Høgdeskilnad:
30 – 230 moh.
Estimert tid:
Estimert tid:
1 time. 3,5 km. rundtur
Startpunkt og parkering:
Startpunkt og parkering:
Tysnes skule i Våge.
Turomtale:
Turomtale:
Rundløype frå parkeringsplassen ved Tysnes skule. Turen er gradert som blå løype og tek om lag ein time. Høgdeskilnad er 30-230 moh. Første del av vegen er asfalt. Følg skogsvegen mot sør og ta til venstre når du har passert første bekken. Stien går langs restane etter røyrgate til Våge Lysverk, opp Kleivo til du kjem til vatnet og demninga. I fyrste stikryss ved demninga er det skilta til venstre. Gå mot nord over fleire småhaugar til Ramnanuten. Storslått utsikt over Tysnesbygda og Bjørnefjorden. Stien ned frå toppen går mot aust, er litt bratt men ikkje vanskeleg. Følg skogsvegen ned til steingarden og ta til venstre tilbake til Tysnes skule.
Kart:
Kart:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar