31 august 2014

Postkassen på Nordfjell (Valen)

Bilde av postkassen på Nordfjell:
.....kommer snart....

Start- og sluttpunkt
Søsterheimen Valen sjukehus.

Parkering
Køyr inn på sjukehusområdet frå riksvegen og følg skilting 300 meter opp til Søsterheimen.

Merking
T-merka og skilta.
Informasjonstavle ved start.

Gradering
Blå. Moderat krevjande, to støvlar etter DNT-systemet.

Høgdeskilnad
80 – 559 moh.

Tidsbruk
3 timar t/r.

Gode råd

Turen til Nordfjell kan utvidast til Vardhaugselet, Vardhaugen og Mjelkhaug.
Ta med drikke, det kan vera vanskeleg å finna vatn i turre periodar.

Turomtale
Følg skogsvegen opp lia frå Søsterheimen ca 200 m til vegdele. Skogsvegen til venstre går etter ca 1 km over i sti via Kokkelberg til Nordfjell. Retur same veg eller via stien om Olderbotn som ein kjem inn på ved fyrst å følgja stien ca 500 meter frå Nordfjell mot Vardhaugselet. 

Kart:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar